Ny turgruppe startar 6. september!

I samarbeid med ivrige turgåarar har Grannehjelpa oppretta ei ny turgruppe. TRAKKAtrimmen vert den tredje turgruppa Grannehjelpa organiserer, men den fyrste av sitt slag. Ideen bak gruppa kom til då tidegare medlem av Fotalaget og Karatrakk såg behovet for eit nytt tilbod for eldre som ynskjer å halda seg aktive. Mange er glade i å gå på tur i sosialt lag, men synest turane til dei andre gruppene kan vera utfordrande. Løysinga vart å danna eit nytt tilbod til alle turentusiastar med fokus på mosjon og meistring.

TRAKKAtrimmen er mosjonsgruppa for deg som likar å halda deg i form, men føretrekk lettare terreng og moderat tempo. Gruppa har som mål å leggja til rette for helsefremjande aktivitet blant eldre, og er eit produkt av målgruppa sitt eige engasjement og frivillige innsats. Onsdag 6. september går endeleg startskotet. Den fyrste turen går frå Strandvegen til Sandven. Møt opp på parkeringsplassen ved Spar klokka 11.30, og bli med!

I likskap med dei andre turgruppene, tek TRAKKAtrimmen sikte på å gå tur ei gong i veka. Turane er lagd opp til å vara i rundt to timar kvar gong. Ta med niste, og kle deg etter vêret.

Hjarteleg velkomen!

Fullt turprogram for hausten:

TRAKKAtrimmen_Program


Tid:
kvar onsdag klokka 11.30
Oppmøte: parkeringsplassen ved Spar i Norheimsund

Ta kontakt med Grannehjelpa om du lurer på noko.