Lei av å eta middag aleine? Bli med i Grannelaget!

I haust har Grannehjelpa gleda av å introdusera eit heilt nytt tilbod til eldre. Tiltaket Grannelaget er oppretta i samarbeid med Thon Hotell Sandven, og er det fyrste av sitt slag. Kvar siste onsdag i månaden opnar nemleg hotellet sin eigen restaurant, og inviterer til seniormiddag! Idéen er enkel: dei fleste av oss likar å […]

Ny turgruppe startar 6. september!

I samarbeid med ivrige turgåarar har Grannehjelpa oppretta ei ny turgruppe. TRAKKAtrimmen vert den tredje turgruppa Grannehjelpa organiserer, men den fyrste av sitt slag. Ideen bak gruppa kom til då tidegare medlem av Fotalaget og Karatrakk såg behovet for eit nytt tilbod for eldre som ynskjer å halda seg aktive. Mange er glade i å […]

Gratis læremateriale til deg som vil læra å bruka internett!

Internett har vorte ein viktig del av kvardagen vår. Stadig fleire av dei tenestene me er mest avhengige av er vorte digitaliserte, og er no berre tilgjengelege gjennom datamaskin eller nettbrett. Det kan vera vanskeleg å halda tritt med alle endringane, og å navigera seg gjennom dei ulike nettsidene. Mange eldre har lite eller ingen […]

Karatrakk-tur til Juva

Turgruppa Karatrakk inviterer til tur i Tørvikbygd til Juva! Onsdag 30 august kl. 11:00 oppmøte på parkeringsplassen ved Spar butikken i Norheimsund. Alle er velkomne! Anna: Kle deg etter ver og vind og gløym for all del ikkje niste!!! Turleier Hans Neteland tlf. 56 55 18 97

Malekurs

KURSET ER DIVERRE FULLT! Kunstmaler Marco Angelucci i sammarbeid med Grannehjelpa inviterer til Malekurs! 10 timar, fordelt på 5 torsdagar Start 31 august kl. 17-19 Gamle Norheimsund ungdomsskule 3 etg. Kurset er gratis! Materialkostnad kr. 400,- Begrensa plass! Førstemann til mølla… 🙂 Påmelding: rut@grannehjelpa.no eller sms: 913 66 184      

Datatreff

Er det noko du ikkje finn ut av med datamaskina di? Du som er “heilt grøn” når det gjeld data og nettbrett, som treng hjelp til å komme i gang, er spesielt velkomen! Mandag., 4. september, 16:00 – 18:00 Gamleskulen på Norheim, Norheimsund Inga påmelding, ingen aldersgrense !!! Kr 20,- for kaffi, te og kjeks […]

Fotalaget-tur til Åsestølen

Turgruppa Fotalaget inviterer til tur til Åsestølen i Oma. Tirsdag 5 september kl 11 frå parkeringsplassen ved Spar i Norheimsund. INGA PÅMELDING – BERRE MØT OPP! Turen varer 3-4 timar, ta med matpakke. Me fyller bilane og køyrer i lag til turmålet. Passasjerar betaler kr 20,- til sjåføren pr tur (turar til Kvamskogen kr 40,-). […]

Fotalaget-tur til Skaonavotno

Turgruppa Fotalaget inviterer til tur til Skaonavotno i Kvamskogen. Tirsdag 29 august kl 11 frå parkeringsplassen ved Spar i Norheimsund. INGA PÅMELDING – BERRE MØT OPP! Turen varer 3-4 timar, ta med matpakke. Me fyller bilane og køyrer i lag til turmålet. Passasjerar betaler kr 20,- til sjåføren pr tur (turar til Kvamskogen kr 40,-). […]

Fotalaget-tur til Heradstveitstølen

Turgruppa Fotalaget inviterer til tur i Torvikbygd til Heradstveitstølen. Tirsdag 22 august kl 11 frå parkeringsplassen ved Spar i Norheimsund. INGA PÅMELDING – BERRE MØT OPP! Turen varer 3-4 timar, ta med matpakke. Me fyller bilane og køyrer i lag til turmålet. Passasjerar betaler kr 20,- til sjåføren pr tur (turar til Kvamskogen kr 40,-). […]

HandaLAG

Liker du brodere, strikke, hekle? «Skrona» og drikka kaffi? Grannehjelpa inviterer til HandaLAG onsdag, 13 september kl 11-13 hos Grannehjelpa i Norheimsund. Ope for alle! Ingen påmelding! HandaLAG er møteplass for deg som likar handarbeid!