Lei av å eta middag aleine? Bli med i Grannelaget!

I haust har Grannehjelpa gleda av å introdusera eit heilt nytt tilbod til eldre. Tiltaket Grannelaget er oppretta i samarbeid med Thon Hotell Sandven, og er det fyrste av sitt slag. Kvar siste onsdag i månaden opnar nemleg hotellet sin eigen restaurant, og inviterer til seniormiddag! Idéen er enkel: dei fleste av oss likar å […]

Malekurs

KURSET ER DIVERRE FULLT! Kunstmaler Marco Angelucci i sammarbeid med Grannehjelpa inviterer til Malekurs! 10 timar, fordelt på 5 torsdagar Start 31 august kl. 17-19 Gamle Norheimsund ungdomsskule 3 etg. Kurset er gratis! Materialkostnad kr. 400,- Begrensa plass! Førstemann til mølla… 🙂 Påmelding: rut@grannehjelpa.no eller sms: 913 66 184      

HandaLAG

Liker du brodere, strikke, hekle? «Skrona» og drikka kaffi? Grannehjelpa inviterer til HandaLAG onsdag, 13 september kl 11-13 hos Grannehjelpa i Norheimsund. Ope for alle! Ingen påmelding! HandaLAG er møteplass for deg som likar handarbeid!

Språktreff

Snakkar du godt norsk kan du vera ein samtalepartnar og støttespelar for sambygdingar med eit anna morsmål. Kvar tysdag er det språktreff på biblioteket i Norheimsund kl. 17:30 – 18:45. Ope for alle, gratis inga påmelding! 🙂 Lurer du på noko ta kontakt med Rut i Grannehjelpa Tlf. 91 36 61 84 e-post: rut@grannehjelpa.no