Fotalaget-tur til Heradstveitstølen

Turgruppa Fotalaget inviterer til tur i Torvikbygd til Heradstveitstølen. Tirsdag 22 august kl 11 frå parkeringsplassen ved Spar i Norheimsund. INGA PÅMELDING – BERRE MØT OPP! Turen varer 3-4 timar, ta med matpakke. Me fyller bilane og køyrer i lag til turmålet. Passasjerar betaler kr 20,- til sjåføren pr tur (turar til Kvamskogen kr 40,-). […]

HandaLAG

Liker du brodere, strikke, hekle? «Skrona» og drikka kaffi? Grannehjelpa inviterer til HandaLAG onsdag, 13 september kl 11-13 hos Grannehjelpa i Norheimsund. Ope for alle! Ingen påmelding! HandaLAG er møteplass for deg som likar handarbeid!

Høyrselhjelpa

Dei frivillige HØYRSELSHJELPARANE frå Kvam Høyrsellag er å treffe hos Grannehjelpa to gonger i månaden. Dei kan hjelp med enkelt vedlikehald av høyreapparat, sal av batteri og anna utstyr. kl 1000 – 1200 hos Grannehjelpa i Sandvenvegen 1B, Norheimsund Dei kjem fast første og tredje torsdag kvar månad.   Neste møte torsdag., 17. august, 10:00 – […]

Kafe Gamleskulen

Velkomen til kafè i Gamleskulen på Norheim i Norheimsund Torsdag 27. april kl 11-13 Sal av kaffi, te og nysteike vaflar (med rømme og sylt). Kr 10,- pr.stk. Ope for alle!

Karatrakk-tur til Ålvik

Turgruppa Karatrakk inviterer til tur  til Ålvik! Onsdag 23 august kl. 11:00 oppmøte på parkeringsplassen ved Spar butikken i Norheimsund. Alle er velkomne! Anna: Kle deg etter ver og vind og gløym for all del ikkje niste!!! Turleier Dag Storås tlf. 97 77 79 80  

Karatrakk-tur til Vangdalsskår

Turgruppa Karatrakk inviterer til tur i Vikøy: Holten-Stuastølen-Vangdalsskår Onsdag 16 august kl. 11:00 oppmøte på parkeringsplassen ved Spar butikken i Norheimsund. Alle er velkomne! Anna: Kle deg etter ver og vind og gløym for all del ikkje niste!!! Turleier: Odd Træbakken  tlf. 95 92 12 50 Lurer du på noko, spør post@grannehjelpa.no

Datakurs – internett og digitale verktøy

Grannehjelpa organiserer datakurset som tek føre seg digital postkasse, tenesten «SvarUt» (elektroniske brev frå Kvam herad), e-post, bank-id og andre internettbaserte tenester. Kurset høver for dei som har liten eller inga kjennskap til digitale verktøy frå før. Kontakt Grannehjelpa for meir informasjon. Telefon 90 12 26 88 E-post: post@grannehjelpa.no Kurset er delvis finansiert av Kommunal- og […]

Språktreff

Snakkar du godt norsk kan du vera ein samtalepartnar og støttespelar for sambygdingar med eit anna morsmål. Kvar tysdag er det språktreff på biblioteket i Norheimsund kl. 17:30 – 18:45. Ope for alle, gratis inga påmelding! 🙂 Lurer du på noko ta kontakt med Rut i Grannehjelpa Tlf. 91 36 61 84 e-post: rut@grannehjelpa.no

RE-DESIGN

Brukte tekstilar kan bli som nye! Har du lyst å bruka noko om igjen, eller noko du har laga av brukte tekstilar – så let vi kreativiteten bløma i felleskap. Les meir på denne Facebook-sida Kontaktperson: Brita Træbakken, 915 34 831

Turgruppa FOTALAGET

Turgruppa «FOTALAGET» for vaknse 55+ Kvar tysdag Tid: Tysdagar kl 11, varar 2-3 timar Oppmøte: På parkeringa ved Spar Norheimsund Anna: Kle deg etter ver og vind og gløym for all del ikkje niste!!! Om turen krev bilkøyring, betaler ein kr. 20,- til sjåføren (kr. 40,- til Kvamskogen) Turplan for våren 2017 finn du ved å […]